Amon ammeinnlegg by Anne Tvedt

Amon ammeinnlegg

Knitting
January 2018
Fingering (14 wpi) ?
US 1½ - 2.5 mm
77 - 131 yards (70 - 120 m)
S, M, L
Norwegian
This pattern is available for kr.20.00 NOK buy it now

Ordet Amon kjem frå egyptisk “den som er skjult” og var namnet på ein fruktbarheits-, storm-, og solgud. På eit tidspunkt var Amon hovudguden innan egyptisk mytologi og vart sett på som opphavsmannen og beskyttaren til verda. (Store norske leksikon, 2017, henta frå https://snl.no/Amon)

Alle mødre er opphav og beskyttarar akkurat som Amon. Eg ser på dei som heltar eller gudar. Eg ynskjer at denne oppskrifta på “det som er skjult” skal vere til desse desse gudane - mødre.

Ammeinnlegget kjem i tre ulike storleikar. Oppskrifta passar til alle garn, og er eit supert restegarnprosjekt. Dei kan lagast einsfarga eller som forklart med nippel. Eit par veg om lag 20 g.

Eg anbefalar å bruke eit reint ullgarn som ikkje er superwashbehandla. Dette vil varme godt sjølv om det blir vått av mjølk, og vil suge væska til seg. Tålar du ikkje ull så godt, bruk eit vanleg ammeinnlegg innanfor ullinnlegget. Ammeinnlegga bør strikkast på eit halvt pinnenummer mindre enn anbefalt på garnet for å få det tett nok.