Austheim by Lillian Thorsen

Austheim

Knitting
May 2022
Fingering (14 wpi) ?
27 stitches = 4 inches
US 2½ - 3.0 mm
US 1½ - 2.5 mm
XS/S - M - L/XL
Norwegian
This pattern is available for kr.75.00 NOK buy it now

Strikkefasthet er utfordringa når det kjem til denne kofta. Mønsteret fungerer som ein slags strikk, og uansett korleis eg oppfører meg, så får eg ikkje rett strikkefasthet. Eg prøvde med tjukkare pinnar, men det hjalp ikkje. Løysinga blei å strikke den i ein størrelse større. Kofta på biletet er størrelse M, medan personen som er inni er størrelse XS/S. Ei anna løysing kunne vore å bruke tjukkare tråd. Uansett er dette eit mønster der det er viktig å teste strikkefastheten fyrst, sjølv om det kan vera kjedeleg. Det er verdt det!
Belønninga er stor når plagget er ferdig og passar. Eg har aldri brukt eit strikkeplagg like mykje som eg har brukt denne kofta. Den er ein stor favoritt, som opprinneleg ikkje skulle lagast noko oppskrift til. Den blei strikka litt på feelingen, utan særlig mål og meining. Men på grunn av alle tilbakemeldingane eg har fått, og alle ønskene om at eg skulle lage ei oppskrift, så har eg no prøvd meg på det. Eg håper eg har gjort rett, og eg har no lova meg sjølv at eg aldri meir skal strikke noko før eg har ei ferdig oppskrift ;)
Lykke til!