Frøkenvottar by Ingvild Rydjord Hansen

Frøkenvottar

Knitting
October 2017
Fingering (14 wpi) ?
24 stitches = 4 inches
US 2½ - 3.0 mm
131 - 180 yards (120 - 165 m)
Dame
Norwegian
This pattern is available as a free Ravelry download

Frøkenvottane er smale og feminine vottar strikka i tynt ullgarn. På grunn av den spesielle tommelkilen sit dei godt på handa. Oppskrifta er enkel å følgje, og du kan lett legge til eigne mønsterbordar eller strukturar dersom du ynskjer det. Det går ikkje mykje garn til dette votteparet, så det er eit supert restegarnsprosjekt.

Storleik: Vottane passar dei fleste damehender sidan lengda vert tilpassa di hand. Dei foreslåtte måla tilsvarar str. medium. Strikkefastheit: 24 m=10 cm
Garnforslag: Rauma Finullgarn, Pickles Pure Wool
Garnmengde: 30-45 g/120-165 m, avhengig av garntype.