Fruktnett Strikk for Havet by Magni Flyum

Fruktnett Strikk for Havet

Knitting
May 2018
Any gauge - designed for any gauge ?
Norwegian
This pattern is available as a free Ravelry download

Ingen kan gjere alt, man alle kan gjere litt. Korleis kan du endre dine vanar slik at du brukar mindre plast?

Ein diskusjon over bordet under Strikk og drikk ein søndag i mai førte til at vi fekk laga mønster på strikka fruktnett.

Eingongsembalasje for frukt og grønt kan skiftast ut med fleirgongsposar, og desse er lette å lage sjølv. Det finnest mange gode hekleoppskrifter på slike posar, men her i gruppa finn du ei oppskrift for dei som helst vil strikke.

Eg trur ikkje vi kan redde havet ved å få folk til å strikke fruktposar, men ønskjer at vi skal bli meir bevisst plastforbruket vårt.

Om garnval:
Noko lett og sterkt som kan vaskast. Bomull eller lin er gode alternativ. Oppskrifta er skrive slik at det ikkje er så farleg kva garn du brukar. Sjå kva du har
i garnlageret og
prøv deg litt fram.
Her er det brukt middels tjukt bomullsgarn (stikkefastheit ca 20 m per 10 cm) og pinne nr 8.

Pinnar:
For å få eit godt nett må du bruke tjukkare pinnar enn det som står på banderolen. Bruk ca det dobbelte.

Har du strikka fruktnett?
Del bilete og merk med #strikkforhavet.