Gallasjalet by Anne Bjørke

Gallasjalet

Knitting
September 2026
Fingering (14 wpi) ?
20 stitches = 4 inches
US 6 - 4.0 mm
394 - 481 yards (360 - 440 m)
1 (2) 3
Norwegian
This pattern is available for kr.60.00 NOK buy it now

Gallasjalet blei til fordi eg hadde lyst på eit sjal som passa til finkjolen - eit sjal som heng der det skal utan å falle av.

Sjalet er lettstrikka og du brukar nesten berre rettmaskar. Du kan strikke det i ein eller to fargar, eller kanskje du vil legge til litt bling?

Du startar med ein I-cord på venstre side og ein bord som veks på høgre side. Når borden har nådd ønskja breidde, skal du gradvis auke til eit rillefelt mellom I-cordkanten og borden. Når du har nådd masketalet for størrelsen du strikkar, skal du felle til hol langs øvre kant for å kunne drapere sjalet over skuldrane.

Når det gjeld garnmengde: du treng mellom 360 og 440 meter totalt, eller 90 til 110 g garn som måler 400 m på 100 g - av dette går ca 40% til borden og 60% til I-corden og rillefeltet. I praksis har eg strikka eit sjal i str 2 som veg 85 g, og eit i str 3 som veg 96 g - medan ein teststrikkar brukte 101 gram og ein anna har brukt 97 gram (begge str 2). Lærdomen er vel å følge med på mengda garn du har igjen og heller felle av litt tidlegare enn i oppskrifta om du ser du er i ferd med å gå tom.