Myrulltopp by Anne Tvedt

Myrulltopp

Knitting
September 2018
Light Fingering ?
27 stitches = 4 inches
in Glattstrikk
US 2½ - 3.0 mm
656 - 984 yards (600 - 900 m)
S (M) L (XL) XXL
Norwegian
This pattern is available for kr.50.00 NOK buy it now

Denne toppen er perfekt å bruke som undertrøye på vinteren, på fjelltur eller som ein basistopp til bukse eller skjørt. Toppen er strikka rundt frå toppen og ned. Dermed kan han prøvast på og bli tilpassa undervegs. Han er høgare bak enn foran, og har om ønskeleg formingar i midja. I Huldra, som er eit kamgarn av lamull blir han både lett og mjuk, men det finst sjølvsagt også andre garnalternativ. Eg håpar å sjå mange ulike variantar – leik deg gjerne med fleirfargestrikk, holmønster eller strukturmønster.

Myrull er ei plante i starrfamilien. I Noreg finst det sju ulike artar, der duskmyrull er den vanlegaste av
dei. Blomen kan du finne over heile landet i myrområde. Blomen har trådforma dekkblad som veks ut til
lange ullhår, og liknar dermed ull. (Store Norske Leksikon, 2009, henta frå https://snl.no/myrull)

Storleikar: Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar
og ikkje i kjedebutikkane sine standardar. Det er difor ekstra viktig
at du samanliknar dine mål med måla oppgitt i oppskrifta. Denne
toppen er tettsitjande, og det faktiske overviddemålet bør om lag
tilsvare toppen sitt overviddemål. Eg har ei overvidde på 89 cm, og
strikkar toppen i str S til meg sjølv.
S (M) L (XL) XXL

Mål:
Overvidde: 86 (94) 103 (112) 121 cm
Heil lengd: 58 (59) 60 (61) 62 cm målt frå nakken.

Garn:
Hillesvåg Huldra (100 % lamull. 100 g = 425 m)
Brukar du eit anna garn, pass på å få om lag like mange meter som
oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk. Forslag
til andre garn er Rauma Lamull eller Sandnes Alpakka Silke.
Ønsker du eitt tettare stoff er også Rauma Finull heilt supert!
Farge 1: 150 (200) 200 (200) 200 (250)

Strikkefastleik: 27 m glattstrikk = 10 cm

Pinnenummer: 3 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik.