Sverre selebukse by Hanne Remme

Sverre selebukse

Knitting
DK (11 wpi) ?
22 stitches = 4 inches
US 4 - 3.5 mm
252 - 656 yards (230 - 600 m)
(0-1) 1-3 (3-6) 6-12 mnd (1-2) 2-3 (3-4) år
Norwegian
This pattern is available for kr.70.00 NOK
buy it now or visit pattern website

Sverre selebukse er ei tidlaus bukse med små og fine detaljar. Selebuksa er spesielt tiltenkt handfarga garn for å få fram fargespelet i garnet, men den gjer seg minst like fin som einsfarga.

Buksa vert strikka ovanfrå og ned med vendepinnar (german short rows) i ryggen for god passform. Den har nydeleg dobbel vrangbord rundt ankelen for ein ekstra fin og behagelig detalj. Vrangborda gjer også at buksa varer lengre, og veks med barnet! Denne oppskrifta passar perfekt for både den erfarne, og den ferske strikkaren!

Størrelsar: (0-1) 1-3 (3-6) 6-12 mnd (1-2) 2-3 (3-4) år
Vidde: ca (40) 45 (49) 53 (55) 58 (62) cm
Strikkefasthet: 22/10cm
Pinnar: 3,0 og 3,5mm.
Garn: Strikkeremme tjukk merinoull (100g = 225m)
Garnmengde: (100) 150 (200) 200 (250) 250 (250) g


Andre garnalternativ

Kan også strikkast med dobbel tråd tynn merinoull. Dersom du ynskjer å strikke med dobbel tråd Strikkeremme tynn merinoull, treng du omtrent ca (100-120) 200 (200) 250 (300) 300 (350) g.

Kan også strikkast i ein tråd tynn merinoull + ein tråd følgetråd, til dømes Strikkeremme tynn merinoull og Strikkeremme tynn suri silk (eller suri følgetråd). Du vil då trenge (100) 100 (100) 150 (150) 150 (200)g tynn merinoull + (50) 50 (50) 100 (100) 100 (100) gram tynn suri silk ELLER (20) 30 (30) 40 (50) 50 (60) gram suri følgetråd (1 hespe uavhengig av størrelse).