Yogagenseren by Anne Tvedt

Yogagenseren

Knitting
August 2019
Sport (12 wpi) ?
22 stitches = 4 inches
in glattstrikk eller lotusmønster
US 4 - 3.5 mm
1203 - 2067 yards (1100 - 1890 m)
XS (S) M (L) XL (XXL) XXXL
Norwegian
This pattern is available for kr.50.00 NOK
buy it now or visit pattern website

Ifølge Det Norske Akademis Ordbok (https://www.naob.no/ordbok/yoga) kjem ordet «yoga» frå «yoj», sanskrit for «forbinding» eller «samanføying». Ordet er nært beslekta med ordet «ok» eller «yoke» som kan bety rundfelling eller vidare «åk». Jostein Gaarder (Dukkeføreren, 2016) påstår at «plog» og «pløgsle» også kjem av same stammeord. Originalfarga er difor inspirert av jord og landbruk.
Yogagenseren er strikka frå botnen og opp med rundfelling. Han skal vere enkel å ta av og på under ein yogapraksis, og er difor noko vid. Du vel sjølv kor mykje strukturmønster du vil ha. Strukturmønsteret viser ein lotusblome – eit sentralt symbol i yoga.
Lotusblomen symboliserer det å vere jorda til bakken samtidig som ein strekk seg mot noko større, og at noko flott kan vekse ut av dei mest utenkjelege forhold. I tillegg er han assosiert med kunnskap, velstand, fertilitet og guddom. Lotus er også ein eigen yogaposisjon som du vil finne i yogasekvensen inkludert i oppskrifta.
Sekvensen finn du på https://www.anneleis.no/video

Strikkefastleik
22 m glattstrikk = 10 cm

Pinnenummer
3,5 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik i glattstrikk.
4 mm eller det du treng for å få rett strikkefastleik i strukturmønsteret.
3 mm til vrangborden, eller 2,5 mm for ein enda meir tettsitjande variant.

Storleikar
XS (S) M (L) XL (XXL) XXXL
Mine oppskrifter tek utgangspunkt i verkelege kroppar og ikkje i kjedebutikkane sine standardar. Difor er det ekstra viktig at du samanliknar dine kroppsmål med måla oppgitt i oppskrifta. Denne genseren skal vere litt romsleg så legg gjerne på om lag 10 cm i tillegg til ditt faktiske overviddemål.
Døme: Målar du 110 cm rundt brystet, kan du velje XL, men L for smalare variant.

Mål
Overvidde: 85 (95) 110 (115) 120 (130) 135 cm
Heil lengd kort variant: 50 (52) 54 (54) 56 (56) 56 cm
Heil lengd lang variant: 65 (66) 66 (68) 69 (69) 71 cm
Ermlengd: 48 cm eller ønska lengd.

Garn
Hillesvåg Ask (100 g = 315 m. 100 % rein ny ull frå NKS)
Fargen «yoga» frå Værbitt.
Kort variant: 350 (350) 400 (400) 400 (450) 500 g
Lang variant: 400 (450) 450 (500) 500 (550) 600 g

Brukar du eit anna garn enn oppgitt, pass på å få om lag like mange meter som oppgitt. Ved bruk av anna garn kan plagget endre uttrykk. Forlag til andre garn er Rauma Finull eller Hillesvåg Sølje.