Hamningberg by KO strikker

Hamningberg

Knitting
February 2019
DK (11 wpi) ?
24 stitches and 25 rows = 4 inches
US 2½ - 3.0 mm
US 4 - 3.5 mm
US 6 - 4.0 mm
164 - 219 yards (150 - 200 m)
one size, but easily adaptable
Norwegian
This pattern is available for kr.10.00.

Dette er eit gratis mønster, men om du har anledning og vil støtte KOstrikker så det blir enklere å fortsette med mønstermekking kan du kjøpe ein kaffi til meg på https://ko-fi.com/kostrikker
Takk!

Inspirasjon:

Desse vottane har fått namnet Hamningberg etter tettstaden i i Aust Finnmark. Hamningberg er så langt aust du kjem i Noreg og vegen sluttar der. Tidligare var Hamningberg ei fiskebygd med eige fiskemottak, men på 1960-talet blei bygda fråflytta og bygda er berre open om sommaren. Store delar av Hamningberg vart bygd på 1800-talet, og ein del hus og buer står fortsatt i dag. Som ein av få plassar i Finnmark, brende ikkje tyskarane ned heile Hamningberg noko som har gjort Hamningberg verneverdig. Eg har berre vore i Hamningberg ein gong, men eg blei ganske forelska. I nokre kulturar seier ein at alt godt kjem frå aust og i Hamningberg kan du sjå så langt aust du vil utan å finne noko anna enn horisonten. Det er ein vêrhard plass og der treng ein tjukke vottar.
Om du deler bilete av dine vottar strikka etter mønsteret bruk gjerne emneknaggen #hamningbergvottane, #hamningbergvottene eller #hamningbergmittens.
Treng du hjelp med mønsteret send meg ei melding på Ravelry eller send ein epost til kostrikker@gmail.com.

Materiale:
• 3 mm pinner for kvinnevotter eller 3,5mm for herrevotter, eller dei pinnane du treng for å få passende votter.
• 100 gram garn med 200 meter per 100 gram, altså 50 gram bunnfarge og 50 gram mønsterfarge i for eksempel Rauma tretråds eller Embla frå Hillesvåg
• En trådstump å sette tommelmaskene på.