Øyfjellkufta by Heming Welde Thorbjørnsen

Øyfjellkufta

Knitting
September 2015
Fingering (14 wpi) ?
24 stitches = 4 inches
in stockinette
US 2½ - 3.0 mm
US 1½ - 2.5 mm
XS - S - M - L - XL - XXL
Norwegian
This pattern is available from trollkar.no for kr.65.00.

Mønsteret til denne kofta er henta frå ein uvlevott (pulsvarmar) frå garden Djuve i Øyfjell. Votten er kvit med raudt mønster og flosskant i raudt, lilla og kvitt. Det har nok vore eit par, men berre den eine er bevart og ligg nå i magasinet til Vest-Telemark museum på Eidsborg.

Votten er ganske slitt og har vore reparert fleire gonger, og det ser ut til at det kvite garnet kan vera heimespunne, mens det raude ganske sikkert er kjøpt. Det ser også ut til å vera to ulike, raude garn i votten. I tillegg til ei rosebord og ei eikebladbord er det strikka inn ein tekst: “Erindring til Gisle fra B. Vehus 1874”. Mest sannsynleg er dette Gisle Juve, barnebarn av “Juvekongen” Olav Halvorsson Juve.

Olav H. Juve var gift med Bergit Jacobsdotter, og dei fekk tre døtrer som alle heitte Bergit. I dei neste generasjonane er det til saman 17 barnebarn og oldebarn etter Juvekongen som heiter Bergit, og ei av desse var Bergit Vehus, fødd Juve og dotter til Gisle. Det er mest sannsynleg denne B. Vehus som har strikka vottane.

Rosa på øyfjellkofta er kopiert maske for maske frå votten. Valknuten har eg sjølv plassert der for å få mønsteret til å bli noko luftigare enn det ville vore med berre roser, og valknuten er dessutan svært vanleg til dekor i Vest-Telemark og eit kraftig vernesymbol i norsk folketru.

Kufta blir her strikka i brunt og kvitt i nyansar som ligg nær opptil ufarga garn «rett frå sauen». Eg trur likevel kufta blir veldig fin i sprekare of moderne fargar, og vil oppfordra alle til å finna på sin eigen fargevariant. Hugs at dei var mykje modigare med fargevalet i 1874 enn det me er nå - særleg til karklede!