Silkesauen's projects
Brum-brum genser (car sweater)
Finished
no date set
April 30 2013
Project info
Brum-brum genser (car sweater)
Knitting
3-4 years
Needles & yarn
US 2½ - 3.0 mm
US 1½ - 2.5 mm
523 yards
Isager Strik Tvinni (Wool 2)
0.15 skeins = 83.7 yards (76.5 meters), 15 grams
Red
Nøstebarn Merinoull 2-tråds
0.38 skeins = 249.3 yards (227.9 meters), 38 grams
Natural/Undyed
Nøstebarn Merinoull 2-tråds
0.29 skeins = 190.2 yards (174.0 meters), 29 grams
Brown
Notes

More details on my blog!

Pattern-inspiration:
Gry Hege’s Sinnasau-barnegenser
Sinnasau-jakka by the Needle Lady

Car-chart:
Skandi’s Cars
… but with more masks in the middle of the cars because of increasing on the yoke (knitted top-down)

MINI-VERSJON AV OPPSKRIFTA per 2. mai 2013
- men er ikkje korrektur-lesen enno!

Genseren blir strikka ovanfrå og ned (“top-down”), og eg laga han bevisst smal og kroppsnær.

1) RULLEHALS: med mørkeraud farge la eg opp 84 masker på rundpinne 4 mm (altså tjukk pinne for at halsen ikkje skulle bli for trong). Skifta deretter til rundpinne 2,5 mm og strikka ca 3 cm = rullehalsen.

2) STARTEN AV BERESTYKKET: Skifta til p 3 mm og starta med stripe-mønsteret (beige først) samtidig som eg AUKA jamt slik som GryHege gjer det i oppskrifta si. 1 stripe = 2 omgangar i same farge. Først 1 stripe beige, deretter 1 stripe brunt, i alt 3 gonger med kvar farge. Altså med aukingar med jamne mellomrom (sjekk hos GryHege). På denne måten formar du berestykket!

3) BIL-MØNSTERET: eg strikka 3 omgangar beige før mønsteret “Skandi’s Cars”. Då eg starta på bilmønsteret hadde eg 135 masker = akkurat plass til 9 repetisjonar av bil-mønsteret som går over 15 masker (9 X 15m = 135m). Merk: bil-mønsteret må du snu opp ned pga at du strikkar genseren ovanfrå og ned!

Etter nokre omgangar av bil-mønsteret auka eg igjen med 27 masker jamt fordelt (= 162 masker totalt) og prøvde då å gjere dette så usynleg som muleg midt inne i bilane, altså i den mørkeraude fargen. Difor vart bilane meir “langstrekte” enn i original-mønsteret! Etter mønsteret strikka eg 3 omgangar beige igjen, og auka også her.

3) SLUTTEN PÅ BERESTYKKET: laga striper igjen ved å skifte mellom brunt og beige, samtidig som eg auka jamt vidare. Då eg hadde strikka 1. omgang av den femte brune stripa hadde eg 232 masker totalt, og her delte eg opp til bol og ermar på same måten som GryHege.

4) BOLEN: Vidare i striper beige og brunt. Var 148 masker i starten, men eg valde å smalne bolen litt etter nokre få omgangar ved å lage ein liten “kile” på kvar side, dvs felle 2 masker i kvar side 2 gonger med nokre omgangar imellom = 140 masker. Ikkje nødvendig, men eg var litt redd for at bolen vart for brei. Då bolen var passeleg lang gjekk eg over til mørkeraudt og laga ribbekant (2 rette, 2 vrange) med pinne 2,5 mm i ca 10 omgangar, men ribbekanten kan gjerne vere lenger. Smakssak. Veks ungen din, kan du berre rekkje opp kanten igjen, og forlenge genseren. Praktisk!

5) ERMANE: Som GryHege. Altså jamn felling nedover. Striper som på bolen. Nederst skifta eg frå brunt til mørkeraudt og laga tre raude striper i skift med beige. (Til neste gong: Annakvar stripe i raudt og brunt i veksel med beige trur eg også hadde blitt fint nederst ). Eg hadde 40 masker igjen då eg starta på ribbekanten. Deretter ribbekant i mørkeraudt som på bolen med pinne 2,5. Ferdig! Brum-brum!

viewed 536 times | helped 2 people
Finished
no date set
April 30 2013
 
About this pattern
Personal pattern (not in Ravelry)
About this yarn
by Isager Strik
Light Fingering
100% Merino
280 yards / 50 grams

2711 projects

stashed 1829 times

Silkesauen's star rating
About this yarn
by Nøstebarn
Light Fingering
100% Merino
656 yards / 100 grams

1607 projects

stashed 762 times

Silkesauen's star rating
  • Project created: January 9, 2013
  • Finished: April 30, 2013
  • Updated: May 27, 2014
  • Progress updates: 2 updates